Kvifor velje oss?

Tryggleik for deg som utbyggjar

Vi ønskjer å vere en føretrekt samarbeidspartnar for små og store aktørar innanfor landbasert oppdrett. Vi skal sitje med ein unik kunnskap og kompetanse frå planleggingsfasen til fisken blir levert.

Samarbeid i alle fasar gir ein kostnadseffektiv prosess

Bakgrunnen for å skape Havland-alliansen var at selskapa sat kvar for seg og kalkulerte eit stort landbasert smoltanlegg. Anbodsgrunnlaget var lite spesifisert, så vi måtte prosjektere og spesifisere heile anlegget for å kunne levere anbodet.

Difor starta vi å samarbeide om felles utføring og bruk av ressursar. Ved å samarbeide får vi betre og meir kostnadseffektive løysingar, tek meir omsyn til miljø og berekraft, samstundes som vi reduserer risikoen for feil og konfliktar mellom fagfelta.

Dei tre selskapa samarbeider i dag om mange prosjekt. Aurvoll og Furesund er ein totalentreprenør innanfor infrastruktur, grunn og anleggsarbeid. Astorplast har unik kompetanse innanfor røyr og prosess, vass og slambehandling og fisketransport. Tussa Installasjon leverer alt innan elektro, IT og automasjon. Saman kan vi tilby ei smart og heilskapleg løysing til deg som skal byggje eller utbetre landbaserte anlegg.

Vi er frå “Havlandet” og kjenner den marine næringa

Namnet Havland er inspirert av koplinga mellom hav og land, og ikkje minst at vi er lokalisert midt i den maritime klynga på Nord-Vestlandet. Vi kjenner behova til oppdragsgivarane våre, og er vant til å samarbeide med aktørar innan marin- og maritim næring.

Omsyn til miljø og berekraft er ivareteke

Miljøprofilen vår tilseier at vi skal ta omsyn til menneske og natur. Det betyr at vi skal fare fint fram i dei områda vi arbeider og gjere minst mogleg inngrep i naturen. Vi ønskjer å vere leiande i bransjen vår i å redusere klimagassutslepp, og ta vare på miljøet gjennom målretta attvinning og ombruk, kjemikaliebruk og utslepp, materialbruk og energieffektivisering. Dette betyr i praksis mellom anna:

- Smarte løysingar for energsparing
- Bruk av solcelleanlegg, varmegjenvinning og vindkraft
- Attbruk av massar innanfor anleggsområdet, smart massehandtering
- Redusert materialsvinn ved prefabrikkering av røyr og modular
- Bruk av lokale underleverandørar på gravemaskin, lastebilar, el-montørar osb. gir positiv samfunnseffekt for lokalmiljøa og mindre frakt av maskinar (innsparing på vegnett, mindre bruk av brennstoff, mindre CO2-avtrykk, mindre belastning for mjuke trafikantar)
- Felles bruk av maskinar og utstyr, transport av varer og personell, brakkerigg, m.m.
- Varene og tenestene vi leverer er produsert på ein måte som sikrar grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold
- Etiske retningslinjer legg grunnlaget for å vere ein påliteleg leverandør, ansvarleg samarbeidspartnar og ha eit godt og trygt arbeidsmiljø

Sertifiseringar:

- Aurvoll og Furesund er sertifisert Miljøfyrtårn-bedrift
- Alle selskapa i Tussakonsernet driv systematisk miljøleiing, og konsernet er ISO 14001-sertifisert.

Runde Miljøsenter

- Vi samarbeider ved behov med Runde Miljøsenter. Senteret har forskarar i mange fagfelt, og kan hjelpe dersom uventa hendingar eller spesielle utfordringar relatert til natur og miljø skulle oppstå.

Dette leverer vi

- Prosjektering
- Byggjesøknad
- Grunnarbeid
- Botnleidningar EL/VA-anlegg
- Betong og bygg
- LCA/miljørekneskap
- Stikking og måling
- Miljøsanering

- Prosjektering
- Røyr og prosess
- Vatn og slamhandsaming
- Foringssystem
- Prefabrikkering
- Fisketransport

- Prosjektering
- El-installasjon
- HVAC
- VVS
- Automasjon
- Nødstraum

- Lokasjonsanalyse
- Resipient-analyse
- Sårbarheitsanalyse
- Miljøkartlegging
- Vasskvalitet
- Støttefunksjon gjennom alle prosjektfasar
- Tredjepartskontroll/verifisering

Skal du byggje nytt eller utbetre eit anlegg?

Ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat.