Om Havlandalliansen

Alle selskapa i alliansen har kompetanse og erfaring innanfor prosjektering og gjennomføring av store komplekse prosjekt. Aurvoll og Furesund er ein totalentreprenør innanfor infrastruktur, grunn og anleggsarbeid. Astorplast har unik kompetanse innanfor røyr og prosess, vass- og slambehandling og fisketransport. Tussa Installasjon leverer alt innan elektro, IT og automasjon.

Les meir om fordelane for deg som utbyggjar

Aurvoll og Furesund er ein stor maskinentreprenør, som har hovudkontor på søre Sunnmøre. Vi set kvalitet og kunden i sentrum. Gjennom brei erfaring, kompetanse og profesjonalitet i alle ledd, skaper vi dei beste løysingane for kundane våre.

Selskapet er i fleste tilfelle hovudentreprenør, men samarbeider også med andre selskap som underentreprenør. Vi har mange dyktige tilsette, og ein stor og moderne maskinpark. I tillegg har vi tett og godt samarbeid med fleire dyktige, lokale entreprenørar, som hjelper oss i ulike prosjekt. Aurvoll og Furesund er eit sentralt godkjent føretak for ansvarsrett etter plan- og bygningslova.

Anleggstenester

Aurvoll og Furesund er ein totalleverandør innanfor grunnarbeid og tilhøyrande leveransar. Vi har god kompetanse på komplekse og vanskelege prosjekt, og vi er opptekne av sluttprodukt og kvalitet. Difor er vi hovudleverandør innanfor leiing og prosjektgjennomføring for større byggherrar og offentlege utbyggjarar i regionen vår.

VA-arbeid

Aurvoll og Furesund er ein totalleverandør av løysingar innanfor vatn og avløp. Vi har eigen verkstad for bygging av vasskummar og eigne røyrleggjarar med godt utstyrte servicebilar for utføring av VA-arbeid. Vi har høg kompetanse på PE-røyr, og vi jobbar tett med kundane våre  for å finne optimale løysingar for utføring av arbeidet. I samarbeid med kundane våre har vi vore ei føregangsbedrift i arbeidet med å finne nye gode løysingar innanfor VA.

Prosjektering

Vi utfører prosjektering innanfor veg og VA-anlegg. Dette omfattar tenester som byggjesøknader, masseutrekningar, stikking og innmåling m.m. Vi teiknar og prosjekterer i vanskegrad enkel til medium. Dette gjer vi ofte i tett dialog med kunden for å tilpasse og optimalisere prosjektet etter kunden sine ønske og behov.

Astorplast tilbyr alle typar oppdrag innan maskinering og montering av produkt i PE-plast, som er eit miljøvennleg plastprodukt med lang haldbarheit.

Oppdrettsnæringa er eit satsingsområde for oss, både som leverandør og montør av vassdistribusjonssystem, men også som produsent av maskinerte delar og løysingar i PE-plast.

Utstyr til oppdrettsnæringa

Vi kan levere eit breitt utval av maskinert/prefabrikkert utstyr i PE-plast til oppdrettsnæringa. I samarbeid med underleverandørane våre  og samarbeidspartnarar kan vi tilby komplette løysingar med pumper, filter, luftarar, varmevekslarar og varmepumper. Vi har kompetanse og maskinpark til å løyse dei fleste utfordringar, og har hatt fleire store oppdrag på setjefisksida både for ferskvatn og sjøanlegg. Vi har små og store kundar, i Noreg og internasjonalt.

Selskapet

Astorplast er ei privateigd bedrift, starta som enkeltmannsføretak i 1997 av Atle Storvik. I dag er selskapet eit aksjeselskap med om lag 40 tilsette. Vi har teknologien, kompetansen og erfaringa til å vere ein trygg og føretrekt samarbeidspartnar.

Moderne maskinpark

Vi har eit stort produksjonslokale, med sjø som næraste nabo. Dette gir oss høve til å prefabrikkere konstruksjonar av store dimensjonar, før montering og installasjon hos sluttkunde. Maskinparken er moderne og består av fire CNC-fresar, ein 3-aksa og tre 5-aksa. Sveisekapasitet frå Ø32 mm til Ø1600 mm, og bendmaskin opp til 630 med t-verktøy og gren-verktøy. Per i dag er vi einaste bedrift i Noreg som perforerer plastrøyr.

Tussa Installasjon er den største og mest komplette elektroentreprenøren i distriktet, godt etablert i marknaden med ei over 70 år lang historie. Ved å levere rett kvalitet til rett tid og til konkurransedyktig pris, skal Tussa Installasjon vere det føretrekte valet når marknaden skal velje elektroentreprenør.

Vi leverer tenester innanfor dei aller fleste elektrotekniske fagområda, og er kjent for eit godt fag- og arbeidsmiljø. Vi har avdelingar i Ørsta, Ulsteinvik, Fosnavåg og Stryn, og vi leverer tenester til privatpersonar, industri og næringsverksemder.

Havbruk og maritim installasjon

Vi har lang erfaring med marine installasjonar og leverer tenester til landbaserte oppdrettsanlegg, foringsflåtar, sjøanlegg, arbeidsbåtar med meir. Dette kan vere nyinstallasjonar, ombyggingsjobbar, feilsøking eller vedlikehald. Vi utfører alle typar service på elektriske anlegg og tavlesystem.

Prosjekt

Vi tilbyr alle tenester innan prosjektleveransar, og tek ansvaret for heile prosessen frå forprosjekt til ferdig bygg, sikkert og miljøvennleg.

Solceller og fornybar energi

Gjer bedrifta di smartare og meir energieffektiv. Vi har høg kompetanse på framtidsretta og miljøvennlege løysingar.

Tussa – med kraft til å skape

Tussa Installasjon er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Tussa sin visjon er å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. I tillegg til å vere ein stor elektroentreprenør, produserer Tussa fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur og tilbyr IT-tenester frå eige datasenter.